Velkomen til Bergen Idrettsklinikk

Bergen Idrettsklinikk er eit nytt tilbod i Bergen med kompetanse på idrettsmedisin, behandling og trening. Me ynskjer å hjelpe deg som vil kome i aktivitet etter ein skade, har lyst å vere i betre slag som mosjonist eller aktiv utøvar, eller har lyst å verte kvitt smerte og plager i kroppen som kjem frå musklar og ledd.

Vårt mål er at vår kompetanse skal hjelpe deg til å få ein kropp som fungerer betre, gjennom individuell behandling, førebyggande basisøvingar, fysiske testar eller personleg trening.

BIK flyttar på seg!

Frå 1.april 2012 vil BIK vere å finna i nye lokal på Fantoft. Bygget er det same som før, men du nyttar no "hovudinngongen" (inngong 1). Gå til venstre når du kjem inn i gongen.

KURS:

Kropp og trening del 1
Torsdag 7.juni vil BIK arrangere grunnkurs i kropp og trening. Del 1 vil ta føre seg grunnleggjande element innan anatomi, fysiologi, treningslære og skadar.

Sjekk BIK bloggen for nyhende!

BIK nyttar SiB til trening og rehabilitering.
Trykk på logoen for å lese fleire interessante saker på bik.no

Skadar og behandling

Bergen Idrettsklinikk har sterkt fokus på å prioritere akutte skadar. Mange har problem med smerter og langvarig avbrekk. Dette kan du unngå ved å kome tidleg til oss for diagnostisering og behandling.

Kontakt oss om du ynskjer hjelp til å kome tidleg i gong med trening og eventuell behandling!
Frå 2011 har Bergen Idrettsklinikk samarbeid og avtale med Idrettens Helsesenter (Skadetelefonen) om undersøking og behandling av utøvarar med skade, og som har forsikring i NFF. Me kan garantere kort ventetid! Klikk på logoen over for å få meir informasjon.

Bergen Idrettsklinikk har òg avtale med andre forsikringsselskap som Gjensidige, Storebrand og If... Dersom du har helseforsikring, så kan du nytte den hjå oss for behandling. Kontakt ditt selskap fyrst.
Raskere Tilbake!

Bergen Idrettsklinikk har frå januar 2011 eit samarbeid med NAV og Senter for Helse og Arbeid, som gjer at me kan ha oppfølging av personar med samansette lidingar. Ta kontakt med din fastlege om du ynskjer å nytte deg av ordninga dersom du er heilt eller delvis sjukemeldt. Trykk på logoen over for meir info.

Haustens store hending!!!

BIK ynskjer å ta deg med til Geilo denne hausten der du skal få trena mykje, eta godt og læra nye ting! Du kan her få optimal oppkøyring til Stolzen, eller jakta eller kva du elles trenar til. Set av 7.-9.september, og trykk på logoen over for meir informasjon!

Krystallsjuke - BPPV

Mange slit med svimmelheit utan at dei skjønar heilt kva som er årsaka. Her kan du lesa meir om kva krystallsjuke er og korleis du kan få behandling for det!

! Klikk på biletet over for å vite meir !

Plantarfascitt - vond å bli kvitt

Mange har hatt smerter i fot eller hælen, eller begge deler. Her kan du lesa litt meir om korleis ein kan dra på seg ein overbelastningsskade, og kva som stundom lyt til for å få den vekk att....

Løpeteknikk

I sommar spurde min gode nabo Lars om eg kunne hjelpe han med korreksjon av løpesett og teknikk. Trykk på knappen under og ta ein kikk på korleis det gjekk.