Åpningstider mandag til fredag 08.00 - 17.00

45 12 40 00 | Følg oss

Trent For Fotball®

Takling i fotball. Illustrasjon.Trent For Fotball® er eit kurs spesialtilpassa norske fotballklubbar sitt behov for skadeførebyggande -  og prestasjonsfremjande  trening både på treningsfeltet, og som eigentrening. Bergen Idrettsklinikk gjev med dette kurset spelarar, trenarar og lagleiarar teoretisk og praktisk innføring  i ulike øvingar og treningsprogram. Dei ulike øvingane kan nyttast som oppvarmingsprogram, enkeltståande bolkar i treningsøkta eller som innhald i spelarane si eigentrening.

Etter kurset Trent For Fotball® skal du:

  • Kunne gje spelarane enkle og konkrete øvingar som kan nyttast direkte på øktene.
  • Ha fått innføring i tiltak og program som påverkar balanse, teknikk, motorikk, styrke og stabilitet.
  • Få implementert ukompliserte øvingar og program som nyttast på feltet og som eigentrening.
  • Skapa føresetnader hjå spelarar for betra teknisk dugleik.
  • Kunne redusere sjansen for akutte og belastningsrelaterte skader på treningar og kamp.
  • Ha auka medvitet for viktigheit av øvingar for styrke, balanse, koordinasjon og motorikk.
  • Ha meir kunnskap om belastning- og intensitetsstyring i fotball.
  • Ha meir kunnskap om korleis ein kan påverka fotballspesifikk hurtigheit.

Kurset er eit 1-dags kurs (7t) og inneheld:

Teoretisk del - inne (2t)

  1. Gjennomgong av typiske belastningsskadar, skademekanismar og førebygging.
  2. Treningsintensitet, treningsbelastning, hurtigheit i fotball og implementering av førebyggjande øvingar.

Praktisk del - ute (5t)

Praksis*:

  1. Prestasjonsfremjande oppvarming – med ball i lag.
  2. Øvingar for rørsleevne og mobilitet.
  3. Øvingar for styrke og stabilitet.
  4. Øvingar for balanse og koordinasjon.
  5. Hurtigheitstrening i fotball.
  6. Spenst og eksplosivitet i springing og duellar.

*For praktisk gjennomføring av interne kurs i klubb er det ei føresetnad at klubben stiller spelarar og naudsynt utstyr til disposisjon. Kurs i regi av BIK har alt disponibelt på kursstad.
Lunsj - inne (30min)

Kursinformasjon

Når: Ved førespurnad
Tid: 1000 - 1700.
Kvar: Brann Stadion v/ Hordaland Fotballkrets.
Kurshaldarar: Fysio. Yngve Myhre og Arild Solheim – BIK.
Påmelding: Epost til kurs@bik.no eller skjema nede på sida.
Påmeldingsfreist: -
Pris: Kr. 1990,- (ink. lunsj og kursmateriell)*

Påmelding: http://www.alfacare.no/kurs

Bergen Idrettsklinikk

Søråsbrotet 9 - 5235 Rådal
Telefon: 45 12 40 00
Åpningstider mandag - fredag 08.00 - 17.00
E-post: post@bik.no

Admin

Cookies (informasjonskapslar) hjelper oss å levera tenestene våre. Ved å bruka tenestene våre, aksepterer du bruka vår av cookies.
Meir info om cookies her! Ok, det er greitt!